Søk

Hekla påskeegg

I staden for å kjøpe påskeegg, kan du lage ditt eige i dei fargane du vil.

Fremgangsmåte:

1
2
3
4
5
6
7

Dette egget er hekla i luftmasker og fastmasker, så det er enkelt å lage.
Det kan fint brukast på nytt neste år også, så har du spart både miljøet og lommeboka.

Dette treng du:

• Tjukt bomullsgarn, her er det brukt Soft cotton frå Järbo garn. Eitt nøste er nok.
• Heklenål 3,5 mm
• Maskemarkør
• Stoppenål
• Saks
• To knappar

Slik gjer du:

Ordforklaring:
Lm= luftmaske, fm=fastmaske

Start med å sette 6 luftmasker i ein ring.
1. Hekle 6 fm i ringen. Sett ein markeringsring i første maske på denne omgangen, slik at du veit kvar neste omgang begynne.
2. Hekle 2 fm i kvar fm frå førre omgang = 12 masker.
3. Start med 1 fm og så 2 fm i neste. Gjenta dette heile runden.
4. 1 fm i kvar av dei to første maskene, så 2 fm i 3.maska. Gjenta dette heile runden.
5. 1 fm i kvar av dei tre første maskene, så 2 fm i 4.maska. Gjenta dette heile runden.
6. 1 fm i kvar av dei seks første maskene, så 2 fm i 7.maska. Gjenta dette heile runden. Avslutt med 1 fm i dei to siste maskene.
7. 1 fm i kvar av dei sju første maskene, så 2 fm i 8.maska. Gjenta dette heile runden. Avslutt med 1 fm i dei to siste maskene.
8. 1 fm i kvar av dei fem første maskene, så 2 fm i 6.maska. Gjenta dette heile runden. Avslutt med 1 fm i dei to siste maskene.
9. 1 fm i kvar av dei ni første maskene, så 2 fm i 10.maska. Gjenta dette heile runden. Avslutt med 1 fm i dei fire siste maskene.
10. 1 fm i kvar av dei sju første maskene, så 2 fm i 8.maska. Gjenta dette heile runden.
11. 1 fm i kvar av dei 17 første maskene, så 2 fm i 18.maska. Gjenta dette heile runden. Du skal no ha 57 masker.
12. Hekle 1 fm i kvar maske i 11 runder.
13. No skal du lage ein «flapp». Snu arbeidet og hekle 1 lm. Hekle 27 fm og snu arbeidet igjen.
14. Start med 1lm og hekle 27 masker, tilbake til maskemarkøren. Snu arbeidet på nytt.
15. Start med 1lm og hekle 27 masker. Klipp av tråden og dra den gjennom maska.
Om du vil ha to fargar på egget, kan du bytte farge no.

16. Begynn i maska der markøren er og hekle 1 fm i kvar maske, fram til «flappen». Fortsett med 30 luftmasker og fest desse i 1.maske på denne runden= 60 masker. Sjå bilete.
17. Hekle fire rundar med 1 fm i kvar maske.

18. No skal du begynne å ta inn. Hekle fm i dei 8 første maskene, hekle saman maske 9 og 10. Fortsett slik heile runden.
19. Ein runde med 1 fm i kvar maske
20. Hekle fm i dei 13 første maskene, hekle saman maske 14 og 15. Fortsett slik heile runden. Avslutt med 8 fm og maske 9 + første maske på neste runde saman.
21. Ein runde med 1 fm i kvar maske.
22. Hekle fm i dei 8 første maskene, hekle saman maske 9 og 10. Fortsett slik heile runden. Avslutt med 1 fm.
23. Ein runde med 1 fm i kvar maske.
24. Hekle fm i dei 3 første maskene, hekle saman maske 4 og 5. Fortsett slik heile runden.
25. Ein runde med 1 fm i kvar maske.
26. Hekle fm i dei 4 første maskene, hekle saman maske 5 og 6. Fortsett slik heile runden.
27. Hekle fm i dei 3 første maskene, hekle saman maske 4 og 5. Fortsett slik heile runden.
28. Hekle fm i dei 4 første maskene, hekle saman maske 5 og 6. Fortsett slik heile runden.
29. Hekle fm i dei 3 første maskene, hekle saman maske 4 og 5. Fortsett slik heile runden.
30. Hekle fm i dei 2 første maskene, hekle saman maske 3 og 4. Fortsett slik heile runden.
31. Hekle to og to masker saman. Klipp av garnet og trekk det gjennom siste maska.

Vend egget på vranga og fest tråden oppe og nede. Tråden ved opninga kan du bruke til å feste «flappen» til toppen på egget. Sjå bilete.

Sy på to knappar og lag knappehull av luftmasker.

No er det berre å fylle egget med godis og kose seg gjennom heile påska.


Lykke til!