Søk

Påskehare av ein einsleg sokk

Har du ein sokk som har mista maken sin, eller eit par som er blitt for små? Då kan du lage fine påskeharar av desse.

Dette trenger du:

• Bomullssokk
• Bomullsgarn
• Ris
• Trakt
• Saks
• Fint band

Slik gjør du:

1. Bruk trakta til å helle ris ned i sokken, fyll den nesten heilt full. Det er fint å få hjelp til dette.
2. Knyt att sokken ca 5 cm frå toppen.
3. Knyt rundt sokken ein gang til, denne gangen litt over midten, slik at haren får ein kropp og eit hovud. Hælen på sokken er påskeharen sitt ansikt.
4. Klipp øyrene ved å klippe ein V i øverste del av sokken.
5. For å lage halen, knyter du ein liten bit av sokken, med ris inni, nederst, bak på haren.
6. Knyt eit fint band rundt halsen på haren.
7. Om du vil, kan du teikne eller brodere auge og nase på haren.