Søk

Eggeglass i streng

Lag eit enkelt eggeglas i metallstreng og overrask familien med egg til frukost i påska.

Fremgangsmåte:

1
2
3
4
5
6
7
8
9

Dette trenger du:

• Stålstreng 1,5 mm diameter. Eg har brukt galvanisert streng frå Panduro.
• Lita knipetang
• Avbitertang
• Lita barnekjevle eller noko anna som er rundt og har ein diameter på ca 5 cm.
• Egg til å tilpasse forma.

Slik gjør du:

1. Surr stålstrengen hardt rundt kjevla, eller det du brukar i staden for. Surr den rundt 8-10 gongar.
2. Klipp av med avbitertanga.
3. Bruk knipetanga og bøy inn kvar ende og legg den rundt strengen som ligg ovanfor. Knip att, slik at det heng fast.
4. Hald 2-3 av dei nedste strengane i eine handa og 5-6 av dei øvste strengane i den andre handa, slik at det vert 1-2 strengar mellom (sjå bilete). Vri desse i motsett retning, slik at strengane som du ikkje held på, får ein mindre diameter. No har du fått ein «stett» på eggeglaset.
5. Fortsett med å vri litt på ringane, slik at du får plass til egget og slik at det står støtt. Prøv deg fram med egget.