Søk

Raske kyllinger

Det er enkelt å lage kyllingar i ekspressfart om du brukar denne teknikken.

Fremgangsmåte:

1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12

Det er enkelt å lage kyllingar i ekspressfart om du brukar denne teknikken. Dei er laga av garnrestar som mange har liggande heime. Du kan velje om det skal bli kylling på pinne, kyllinguro eller kyllingoppheng. Dette går så raskt unna at du kanskje rekk alle?

Du treng:
Restegarn i gult (eller andre fargar)
Bomullsgarn i raudt eller oransje til bein
Ein rest svart garn til auge
Sytråd
Kylling på pinne: Her kan du spikke ein pinne av ein kvist eller du kan bruke blomepinne eller grillspyd.
Saks
Synål
Ei bok el. plate til å vikle tråd rundt

Slik gjer du:
1. Vikle tråd rundt ei bok eller ei plate. Har du fleire nøste kan du vikle med fleire trådar samtidig. Knyt knute med oransje eller raud tråd rundt alle dei gule trådane med om lag 5 - 6 cm mellomrom. La endane henge; dette vert bein på kyllingen. Sjå bilete 3.
2. Klypp opp midt mellom knytingane. Rufs til duskane litt. Du kan også halde duskane over ei gryte med kokande vatn for at dei skal bli fyldigare. Bruk då ei pølseklype eller matpinsett, slik at du ikkje brenn deg på fingrane. (Bilete 4 og 5)
3. Auge: Lag ein litt stor knute på den svarte tråden. Du kan til dømes bruke denne teknikken https://www.youtube.com/watch?v=T3AgGVnnsrM Klypp av tråden på kvar side av tråden og vipps har du eit auge. Lag 2 auger til kvar kylling. Lim auga på med hobbylim.
4. No kan du montere kyllingane:
… på ein pinne: Dypp då den eine enden av pinnen i hobbylim og stikk den andre enden av pinnen inn i kyllingen ovanfrå. Dra kyllingen over pinnen til han til slutt er limt i kyllingen. Kylling på pinne er fine i blomepotter eller i ei potte med sand.
… til ein uro: Tre ein sytråd i ei nål. Stikk nåla inn i kyllingen ovanfrå og trekk gjennom tråden til kyllingen er der du vil ha han på tråden. Sy opp igjen i kyllingen, denne gongen nedanfrå. Sy så tilbake igjen gjennom kyllingen. No kan du sy på ein kylling til på same måte. Fest sytråden til ei grein. Lag eit band eller snor og fest i kvar side av pinnen til oppheng. Du kan også lage ein grov hyssing.
… til oppheng: Tre ein sytråd i ei nål. Stikk nåla inn i kyllingen ovanfrå og trekk gjennom tråden til kyllingen er der du vil ha han på tråden. Sy opp igjen i kyllingen, denne gongen nedanfrå. Knyt saman endane av sytråden, slik at du får ei løkke til å henge kyllingen i. Fin å henge på ei grein eller eit tre.

Lykke til og god påske!