Søk

Spinnvill veke 2021

Romsdalsmuseet i Molde, ble flott ramme for årets sommarskuleaktivitetar.

I underkant av 30 ungar mellom 8 -12 år har hatt nokre fine dagar saman på sommarskulen, Spinnvill veke på Romsdalsmuseet i Molde. Sommarskulen gjekk over fem dagar, og aktivitetane var tilpassa koronasituasjonen i regionen. Ungane fekk sjå saueklipping og deretter fekk dei prøve seg på karding og litt spinning. Dei tova ballane vart til bokmerke, og dei fekk spikke seg ein blyant og ei leike som var flittig brukt. Aktivitetane var i tillegg turdag med bålbrenning og pølsegrilling, besøk på gard med dyr,  kanopadling i ein dam på museet, skule i gamle dagar og enkel matlaging. Mellom aktivitetane vart området på museet fylt med ungar som fekk utfolde seg med både nye og gamle leikar.

Spinnvill veke er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Speiderane i Molde, Molde Husflidslag og Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal .