Venner gjennom hender - rapport fra Seljord

Vellykka trykkeprosjekt med tema "bruk mindre plast". I Seljord er det starten på noe nytt, som blir videreført i 2018

Vinteren 2017 snakka nokre damer i husflidslaget og frivilligsentralen i Seljord om å lage ein verkstad der flyktningar og andre i bygda kunne koma saman for å arbeide med handverk. Fleire av oss er engasjerte i leksehjelp og anna frivillig arbeid. Frivilligsentralen ligg i same hus som flyktningetenesta og vaksenopplæringa og det er mykje kontakt mellom desse gruppene. Me skreiv ein søknader om støtte frå folkehelsemidlane i Telemark og Sparebankstiftelsen og fekk tips frå Marthe Haugerud, husflidskonsulenten vår, om at det var midlar å søke i Norges Husflidslag til integrering av flyktningar. Me var heldige fekk 20.000 frå LNU kulturmidler via Norges Husflidslag og 60.000 frå Sparebankstiftelsen.

Konseptet vårt er å sy handlenett, nettingposar til frukt og grønt og å lage bivokspapir. Produkta vert dekorerte med stofftrykk eller teikning med tekstiltusj. Fokuset vårt er å på enkelt vis redusere plastbruken i kvardagen. Dei som deltek i prosjektet får lage sitt eige handlenett o.l. og hjelper deretter til med å lage produkt for sal. Inntektene av salet går inn att i prosjektet slik at vi skal ha noko å drive for etter at pengestøtta er brukt opp. Støtta har vi brukt til å kjøpe to symaskiner og anna syutstyr, leige tenester og utstyr til trykkeverkstad, husleige og enkel bevertning. Erfaringane våre er at det er viktig at aktiviteten er enkel og at det ikkje tek for lang tid å bli ferdige med produkta. Vi har også kjøpt inn ein del ferdigsydde handlenett som vi har dekorert.

Venner gjennom hender har hatt tre samlingar våren 2017 der vi produserte handlenett. Vi hadde til slutt ca 30 flotte og fargerike handlenett. I Seljord er det kvar vår ein vårmarknad og vi var med der for å selje produkta våre og for å markedsføre prosjektet. Det var mykje positiv respons å få, og vi fekk og selt ein del. I haust har det tatt litt tid å koma i gang, men me planlegg to samlingar i november og skal selje produkta på ein lokal jolemarknad.

Vi har vore ei god blanding av flyktningar, ungdommar og frivillige hjelparar og det har vore mykje moro og høg aktivitet på alle samlingane. For rekrutteringa sin del har det nok vore ein stor fordel for flyktningane at aktiviteten har vore på ein kjend stad for dei. Frivilligsentralen er i bruk av fleire lag og organisasjonar i bygda og det er lett for folk å koma dit. Vi har planar om å halde fram med prosjektet i 2018 og vil då prøve å få noko av aktiviteten inn som del av vaksenopplæringa.

For Venner gjennom hender i Seljord
Borghild Telnes

Flere bilder her...

Plakat og invitasjon som ble lagd i forbindelse med aktivitetene:

Plakat vårmarked

Invitasjon trykkekurs

© Norges Husflidslag | Org nr: 970 168 990 |
Nettsider utviklet av Tress Design

^