Søk

Spinnvill veke i Molde 2019

På Romsdalsmuseet i Molde, deltok 30 ungar på Spinnvill veke.

I underkant av 30 ungar mellom 8 -12 år møtte opp på Spinnvill veke på Romsdalsmuseet i Molde då skuleferien starta. Då var ungane klar for 5 dagar med ulike aktivitetar som spikking, besøk på gard med dyr, saueklipping, karding og spinning, kanopadling og førstehjelp, skule i gamle dagar, enkel matlaging og turdag. Nokre av dagane «budde» ungane i husa i bygata på museet, og i pausane vart sjølve  gata fylt av opp av leikane ungar som fekk eit innblikk i både nye og gamle leikar.
Spinnvill veke eir eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Speiderane i Molde, Molde Husflidslag og Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal.