Aktivitetskalender

Spennande og nyttig for dei yngre...


Sogn og Fjordane Husflidslag lanserer i desse dagar ein aktivitetskalender retta mot born og unge. Kalenderen inneheld 12 ulike oppgåver, som kan gje stor glede i å lage - og også vere ei fin gåve til alle.
Det er Ung Husflid-klubbane i fylket som står for innhaldet, og kalenderen er oppbygd med bilete og framgangsmåte for kvar oppgåve. Den gir ei variert, nyttig og morosam oppleving både for den oppveksande generasjon og for vaksne som ønskjer å lage ting saman med born og unge.
Aktivitetskalenderen er blitt til gjennom eit samarbeid med lokallaga, Husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy og fylkeslaget.

Du tingar kalenderen på følgjande måte:
Send epost til sfjh@online.no

Kalenderen kostar kr. 150,- inklusiv porto.
Samstundes betalar du til kontonr. 3700 35 00374.
NB! Hugs å setje namnet ditt på betalinga!

© Norges Husflidslag | Org nr: 970 168 990 |
Nettsider utviklet av Tress Design

^